Kjenner vi marknaden for mat med særskilde eigenskapar i Møre og Roms...

mat.jpg

Kjenner vi marknaden for mat med særskilde eigenskapar i Møre og Romsdal?

I seinare tid har det vekse fram eit auka fokus på sertifisering og profilering av mat med særskilde eigenskapar. Det vere mat basert på eit lokalt mathandverk, ein særskild smak eller at den er produsert etter økologiske prinsipp. Det er imidlertid lite kunnskap om marknaden for desse produkta i Møre og Romsdal. Møreforsking vil med støtte frå Møre og Romsdal Fylkeskommune sjå nærmare på dette.

Møre og Romsdal er det største matproduserande fylket i landet når ein ser blå og grøn sektor under eitt. Som eit ledd i å auke meirverdien av produkta, få fram eit større matmangfald og oppretthalde busetjinga i distrikta, er det på lik linje med andre stadar i landet ei politisk satsing på lokalmat også her i fylket. Ein nyleg gjennomgang av kva lokalmat har å seie for distrikt-Noreg, syner at det til tross for stor satsing dei siste åra, er knytt store kunnskapsmanglar til tematikken. Dette gjeld også Møre og Romsdal, og då særleg i forhold til distribusjon, etterspørsel og potensiale i marknaden både for landbruks- og sjømatprodukt. Møreforsking vil i samarbeid med ei rekkje utsalsstadar og andre ressurspartar innanfor matsektoren, utvide kunnskapsgrunnlaget på tematikken. 

 

Bilderettigheiter: Fylkesmannen Møre og Romsdal

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

54788
|

Prosjektansvarlig:

Lovise Kvalsund Otterlei
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Kjenner vi marknaden for mat med særskilde eigenskapar i Møre og Romsdal?

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal Fylkeskommune

Samarbeidspartnere:

Idunns Epler, Reint Logisk, Matbuda AS, Mathuset Stordal, Helsekost Korsatunellen, Bondens Marked Møre og Romsdall, Fylkesmannen Møre og Romsdal og Klippfiskakademiet AS

Prosjektdeltakere:

Lovise Kvalsund Otterlei, Liv Guri Velle, Marianne Lindhjem Staurset, Bjørn Tore Nystrand