Utdanningstilbodet på Vestlandet - sett i lys av behov i leverandørindustrien t...

Utdanningstilbodet på Vestlandet - sett i lys av behov i leverandørindustrien til sjømatnæringa

Forfatter(e):

Lovise Kvalsund Otterlei, Bjørn Tore Nystrand

Utgiver:

Møreforsking Ålesund AS

Oppdragsgiver:

Vestlandsrådet

Rapportnr:

MA 18-05

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

53

Som del av utviklinga i sjømatnæringa har det vekse fram ein eigen leverandørindustri, med eit tyngdepunkt på Vestlandet. Denne framveksande industrien gir nye behov for arbeidskraft, og tidlegare studiar viser at leverandørverksemdene etterspør både faglærde og høgare utdanna i eit breitt spekter av fagkategoriar. Møreforsking har i denne rapporten kartlagt utdanningstilbodet på Vestlandet basert på behov i leverandørindustrien til sjømatnæringa, undersøkt i kva grad det er kopling mellom industrien og særleg relevante utdanningar og gjort ei vurdering av i kva grad det er samsvar mellom sjømatleverandørane sine behov på den eine sida og det regionale tilbodet av utdanning på den andre sida.

Kartlegginga viser at tilbodet av det som kan vere relevante utdanningar samla sett er relativt godt på Vestlandet trass stor geografisk spreiing av enkelte tilbod. Vidare gis det eit bilde av ein industri som er stadig meir på-kopla og synleg opp mot utdanningstilbydarane, og er i ferd med å definere kompetansebehova sine meir tydeleg. Til tross for at mange utdanningar kan vere relevante for leverandørindustrien, kjem det fram at delar av industrien har særskilde behov og det er identifisert nokre innhaldsmessige gap i utdanningstilbodet i forhold til å dekkje desse. Overordna verkar eit kjerneelement i dette å handle om behov for å kople ulike typar fag i større grad. Særleg kombinasjonen av biologi/kjemi på den eine sida og teknologi/prosess på den andre blir framheva som viktig for leverandørverksemdene. Vidare gir rask innovasjon av teknologi og utstyr i denne industrien eit behov for utdanningsløp med rom for kontinuerleg oppdatering og tett samarbeid mellom skule og bedrift.

Kartlegginga har vist at mykje er i emning for å dekkje innhaldsmessige gap, men at det samtidig er for tidleg å seie noko om nye tilpassingane er i samsvar med behova -både i omfang og innhald. Viktigheita av strategisk og forpliktande samarbeid mellom utdanningstilbydarar, næringsliv og politikarar, gjerne på tvers av fylke, vert løfta fram som viktig for å følgje opp denne utviklinga framover.