1519 Forvaltningsrevisjon av ferjeanboda i Møre og Romsdal

1519 Forvaltningsrevisjon av ferjeanboda i Møre og Romsdal

Forfatter(e):

Hilde Johanne Svendsen, Falko Müller

Utgiver:

Møreforsking Molde AS

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune

Rapportnr:

1519
|

Isbn/Issn:

978-82-7830-248-4 (trykt), 978-82-7830-249-1 (elektronisk) / 0806-0789

Publikasjonstype:

Rapport
|

Sidetall:

63

Kostnadsutviklinga for ferjekontraktane frå 2010 til 2014 har vore på 9 prosent dersom vi ser bort frå Volda-Folkestad, som var fylkesvegferje i eitt år (2014). For perioden 2010 til 2016 kan det sjå ut til at vi vil få ein kostnadsauke på 34 prosent. Bakgrunn for kostnadsutviklinga for ferjekontraktane i Møre og Romsdal er todelt. Dette er kostnadsutviklinga i ein kontraktsperiode, og kostnadsutvikling som følgje av oppstart av ny kontrakt. Konsekvensane for fylket på samferdselsområdet kan vere at ekstraløyvingar til vedlikehald på vegnettet må brukast til å finansiere ferjedrifta, og det kan bli nødvendig å redusere investeringsnivået for å halde oppe driftsnivået. Nivået på inntektsbortfall som følgje av elbiler vil kunne vere i intervallet 260 000 til 1 500 000 for 2014. Det er grunn til å tru at nivået er nærare minimumsnivået. 

Minstestandarden er oppfylt for 40 prosent av fylkesvegferjesambanda i fylket, noko som utgjer 50 prosent av ÅDT PBE (årsdøgntrafikk i personbileiningar).

Dei etablerte rutinar for avvikshandtering ser ut til å vere tilstrekkelege på dei områda der det er etablert rutinar. Det er i kapittel 9 forslag til vidareutvikling av eksisterande rutinar og forslag til kva rutinar som i tillegg bør utarbeidast.

Eit system for samla og oversiktleg informasjon om ferjekontraktane bør etablerast.