Else Ragni Yttredal

Else Ragni Yttredal er cand. polit. med hovudfag i statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Yttredal har ei variert yrkeserfaring og har mellom anna arbeidd ved Universitetet i Asmara i Eritrea, i lokalavisa Storfjordnytt, som prosjektleiar og initiativtakar for Norddal Næringshage og i eige firma knytt til friluftsliv. Ho begynte som forskar ved Møreforsking i Volda i 2004 og var administrativ leiar og forskar ved avdelinga frå 2006 til september 2008. 

Else Ragni Yttredal arbeider breitt med forskingsprosjekt knytt til regional utvikling. Hovudinteressefelt er likevel organisering, planlegging og styring i skjeringsfeltet mellom offentleg og privat sektor - spesielt knytt til næringsutvikling.
 
Oversyn over publikasjonar i BIBSYS finn du her.
Registrert i CRIStin