22.-23. januar 2014 blir den fyrste Grøn fjord konferansen arrangert i Geiranger.
Med visjonen "Sporlaus ferdsel" er temaet sett for den fyrste Grøn fjord konferansen. Hit kjem internasjonale storaktørar, for å presentere sine miljøvennlege ferdselsløysingar både på land og til sjøs. Her kan du prøvekøyre el-bilar på det argaste vinterføre, og vere med å legge føringa for Verdsarvsatsinga inn i framtida.
Overordna
mål med konferansen:
INSPIRASJON og «Kick-Off»!
Målgruppe: Lokale, regionale og nasjonale
bedrifter og organisasjonar innan transport (fjord/land), reiseliv, miljøvern,
FoU, landbruk, samt off. forvaltning og politikarar.
Grøn
fjord konferansen vert arrangert med støtte frå Kommunal- og
regionaldepartementet, VRI, M&R fylkeskommune og Stiftinga Geirangerfjorden
Verdsarv.
Lat ikkje denne sjansen gå frå deg, det er begrensa overnattingskapasitet i Geiranger. Meld deg på i dag for å sikre ein plass på konferansen! Møreforsking stiller mannsterke, kjem du?
(Foto: Stiftinga
Geirangerfjorden Verdsarv, Merete L. Rønneberg)