Auka oppdragsmengde gjer at vi har behov for fleire hender og hovud i foredlingsgruppa. Vi arbeider med prosjekt innanfor råstoffbehandling, vidareforedling, utnytting av restråstoff og produktutvikling. Vi er spesielt interessert i personar som har kompetanse innanfor produksjonsprosessar i salt- og klippfiskindustrien.

Ein jobb i Møreforsking gir deg moglegheiter til å arbeide i ei interessant næring med store utviklingspotensial. Gjennom prosjektarbeid vil du auke kompetansen din, utvikle nye idear i tett samarbeid med bedrifter og andre FoU institutt.
Vi treng personar med ulik kompetanse, men ser helst at du har:
-
Hovudfag/master eller doktorgrad på relevante fagområde innan foredling
-
Bakgrunn eller erfaring frå oppdragsforsking, men dette er ikkje ein føresetnad