Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Regionale forskningsinstitutt: Felles utfordringer og forskningfokus

IMG_4276.jpg

Regionale forskningsinstitutt: Felles utfordringer og forskningfokus

Rammene for å drive forsking i regionane er i ferd med å bli snevra inn i ei tid då det burde vere omvendt. Då leiarane for dei fem samfunnsvitskaplege, regionale institutta kom saman i Sogndal nyleg, stod difor forskingspolitikk og institutta si rolle i det grøne skiftet i fokus.

Kvifor regional forsking?
Institutta i regionane har eit felles opphav i åra 1973 til 1988 og vart skipa for at kompetansen skulle nå lengre ut i landet enn til byar, universitet og distriktshøgskular. Gjennom samarbeid med bedrifter i regionalt næringsliv skulle institutta sikre påfyll av ny kunnskap der verdiskapinga fann stad. Og det har dei gjort!

Tett samarbeid
Det som for nokre tiår sidan var 13 slike institutt, er i dag ein familie på fem sterke regionale aktørar: Møreforsking, Telemarksforsking, Norsus (Norsk institutt for bærekraftsforskning), Nordlandsforsking og Vestlandsforsking. Leiinga ved desse er ulike, men dei unike institutta samarbeider gjennom foreininga Fokus, mellom anna gjennom årlege samlingar der direktørar og mellomleiarar kjem saman for å ta opp felles utfordringar og tema. I tillegg bidreg Forskingsrådet og fleire departement på samlingane.

Viktige midlar truga
Årets samling i Sogndal tok først for seg noko av det mest presserande: at Regjeringa i statsbudsjettet for 2024 legg opp til å avvikle ordninga med regionale forskingsfond. Desse fonda har sidan 2010 vore ei viktig kjelde til finansiering av samarbeid med bedrifter og kommunar i institutta sine heimeregionar! Midlane i dei elleve fonda kjem frå Kunnskapsdepartementet og har vore delte ut av fylkeskommunane.

Går regjeringa sitt forslag gjennom, vil fonda falle vekk utan å bli erstatta av liknande midlar, dei regionale institutta òg vil merke godt. Direktørane har sendt utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget ein kritisk uttale, gjengitt som debattinnlegg i Khrono 19. oktober.

– Det kan rive vekk eit særs viktig trinn i trappa med verkemiddel for regionale forskingssamarbeid, seier Anne Karin Hamre, direktør ved Vestlandsforsking.

Felles fokus på grønt skifte
Til saman dekkjer dei regionale institutta eit breitt spekter av forskingsområde, men dette forskar alle på på ulike vis: «Korleis skal vi få til eit grønt skifte på ein berekraftig måte.»

Sjølv om regionane institutta høyrer til i er ulike, er klima- og naturkrisa og behovet for omstilling gjennomgåande. Her finst det mange rom for å utvide samarbeidet, med den spissa livsløps- og berekraftkompetansen til Norsus, via Møreforsking si biologikompetanse og Telemarksforsking sin jordnære profil, med prosjekt på mellom anna berekraft i distriktskommunane. Nordlandsforsking og Vestlandsforsking har alt eit tett samarbeid på feltet klimatilpassing gjennom forskingssenteret Noradapt, som omfattar åtte fagmiljø.

Slit med å trekke med næringslivet
Dei regionale forskingsinstitutta har og ei anna felles utfordring:
- Vi har verdsleiande næringsliv, men slit med å få bedriftene til å investere i forsking og ny kunnskap. 

Uttalelsen kom fra Bård Sandal frå Vestland fylkeskommune då han presenterte Grøn region Vestland, eit prosjekt der fylkeskommunen samarbeider med Innovasjon Norge. Utfordringa deler han med dei regionale FOKUS-partnarene.

Anne Merete Halpern frå Kommunal- og distriktsdepartementet presenterte den ferske rapporten Regionale utviklingstrekk 2023. Rapporten viser at forskings- og utviklingsaktivitet (FoU) er konsentrert til dei største byane, og at næringslivet i Vestland fylke nyttar langt mindre midlar til FoU enn t.d. fylka Trøndelag, Vestfold og Telemark.

- FOKUS-partnarane er viktige kompetansemiljø som kan gi lokale og regionale bedrifter drahjelp til å ruste seg for morgondagen. Å kutte regionale finansieringsordningar for forskning er difor det motsatte av det som trengs, seier direktør i Møreforsking Agnes Gundersen. 

Sentrale aktørar deltok
Mange sentrale aktørar i forskingsinstitutta si verd var med på samlinga, for å diskutere meir om felles utfordringa og i tillegg utveksle erfaringar. Fagfolk frå Forskingsrådet, Kommunal- og regionaldepartementet, Kunnskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Vestland fylkeskommune deltok.

Statssekretær Oddmund Hoel frå Kunnskapsdepartementet diskuterte arbeidet med den nye stortingsmeldinga om forskingssystemet med leiarane, og fagdirektør Gørill Kristiansen frå same departement var med for å tenke høgt om forskingssystemet i departementa og utfordringar med samarbeid om forskingspolitikk og verkemiddel på tvers av departementa. Statssekretæren hadde merka seg denne tilbakemeldinga frå Fokus-institutta i høyringa til arbeidet med stortingsmeldinga:

- Sektorprinsippet står sterkt i norsk forvaltning, og det er ein risiko for at forskingsretta verkemiddel blir nedprioriterte når statsfinansane blir strammare og prioriteringane mellom ulike føremål blir tøffare framover. Det er behov for gode arenaer både politisk og administrativt mellom departementa for å styrke samordninga av forskingsprioriteringar og å auke kunnskapen om Forskingsrådet si rolle.

Å leie andre parallelt med å forske
Instituttsektoren er konkurranseutsett. Det er hard kamp om forskingsmidlar. Samstundes med gjennomføring av prosjekt, må forskarane heile tida jobbe med prosjektutvikling og nye søknader. Dette stiller store krav til motivasjon, fleksibilitet, nettverk og hardt arbeid. Mellomleiarane har òg ei krevjande rolle, ved at dei både driv forsking sjølve, og at dei skal følgje opp og leggje til rette for at forskarane lukkast, utviklar kompetansen sin og trivst i jobbane sine. Ein del av samlinga var lagt opp med ein bolk om leiing for mellomleiarane, ved organisasjonspsykolog Claus Harald Jebsen.

Dette er eit område dei har felles, og som dei har stort utbyte av å ta opp i lag.
– Å treffe andre med tilsvarande stilling gir høve til å lære av kvarandre. Det var interessant å få utveksle erfaringar om dei utfordrande sidene ved rolla vår, og vi fekk med oss relevante og gode råd på vegen, laud responsen etter FOKUS-samlnga.

Fokus samling kollage bunn av tekst.jpg

(Foto: Vestlandsforsking)