Under "Møreforskingdagen" den 28. september 2011 vart fleire ulike problemstillingar knytt til bu- og arbeidsmarknadsregionar i endring nærare presentert og diskutert. Forskarar frå Møreforsking Volda i lag med eksterne bidragsytarar deltok på seminaret.
Korleis vil Sunnmøre utvikle seg som region i åra som kjem? Eit avgjerande vilkår for vekst og utvikling er at regionen blir opplevd som ein god plass å leve og arbeide, og at folk med kompetanse som regionen har bruk for, vel å busette seg her.
Næringsliv og offentleg sektor vil i framtida blir meir og meir avhengig av høgt kvalifiserte medarbeidarar. Er Sunnmøre ein bu- og arbeidsmarknadsregion som kan tiltrekke seg slik arbeidskraft? Både offentleg og privat næringsliv har rekruttert mange utanlandske arbeidstakarar med høg kompetanse. Vil denne gruppa finne seg til rette og bli verande? Korleis opplever dei møtet med arbeidsplassane og dei stadane dei buset seg på?
Innvandring er ein vesentleg grunn til ei positiv folketalsutvikling på Sunnmøre. Innvandrarane kjem med verdfull kompetanse, men har problem med å kome seg inn på arbeidsmarknaden, sjølv om mange sektorar har behov for arbeidskraft. Korleis tar vi imot og korleis skaper vi rom for dei nye hendene?
For å skape utvikling i Sunnmørsregionen må ulike aktørar arbeide saman. Nokre aktørar er sterkare enn andre. Det blir sagt at ein kvar sterk region treng eit urbant trekkplaster. Kan Ålesund vere eit lokomotiv for utviklinga på heile Sunnmøre?
Betre kommunikasjonar blir oppfatta som eit av dei viktigaste tiltaka for å skape ein sterkare region, men samtidig kan dette bidra til at gamle regionsgrenser blir utviska. Skaper nye vegprosjekt nye regionar?
Kommunestrukturen blir diskutert både på nasjonalt og lokalt nivå. Mange er samde i at dagens struktur er dårleg tilpassa dei utfordringane kommunane har i dag, men det er svært vanskeleg å skape endring. Er det fornuft eller følelsar som styrer den lokale debatten?
Foredrag og presentasjonar frå seminaret Kva skjer med Sunnmøre?
Marte Hanche- Dalseth: Dei nye hendene – innvandring og regional utvikling
Modulf Hareide: Sunnmøre i framtida - Ålesund som lokomotiv
Diskusjon/Panelsamtale; Marte Cecilie Wilhelmsen Solheim, Arild Iversen, Rune Hovde og Modulf Hareide.
Tema: Kva framtid har Sunnmøre som region?