Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Arbeidsinnvandring styrkar Vestlandet

WorkingMan_GreggVandenberghe.jpg

Arbeidsinnvandring styrkar Vestlandet

På konferansen Vestlandsk Vidsyn i Ålesund vart dei fyrste resultata frå eit omfattande forskingsprosjekt om arbeidsinnvandring presentert.


Arbeidsinnvandrarane er attraktive innbyggarar for kommunane på Vestlandet, anten vi snakkar om små eller store kommunar. Med eit næringsliv med stort behov for arbeidskraft og mange kommunar som er på jakt etter fleire innbyggjarar, er det opplagt at den sterke arbeidsinnvandringa dei siste åra har vore og vil vere viktig for utviklinga på Vestlandet.  Samtidig veit vi at mange kommunar gjennom ulike kampanjar har arbeidd for å lokke nye innbyggjarar. Pussig nok er desse ressursane, med enkelte heiderlege unntak, i liten grad retta mot arbeidsinnvandring.

 

Gjennom ei kartlegging av kommunane på Vestlandet, gjennomført av Møreforsking i samarbeid med Vestlandsrådet og andre sentrale forskingsmiljø på Vestlandet, ser vi at berre ein mindre del av kommunane er proaktive i arbeidet med arbeidsinnvandring. Her har mange kommunar ein jobb å gjere i forhold til å definere si eiga rolle og legge til rette for at arbeidsinnvandrarane kan bli ein ressurs for eigen kommune og heile regionen.

 

Dei første resultata frå prosjektet vart lagt fram på konferansen Vestlandsk vidsyn i Ålesund, tysdag 24. september. Forskingsprosjektet er så langt berre i startfasen og vil først vere avslutta i 2016.
 
Ein oppdatert versjon av presentasjonen vart lagt fram for samarbeidspartane i prosjektet 1. oktober, les presentasjonen HER
 
25.09.13 Nyheitsoppslag NRK Møre og Romsdal: Arbeidsinnvandringen til Vestlandet er doblet