Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

Arbeidskraftbehov i Møre og Romsdal

 
Ei av de største utfordringane for utviklinga av næringslivet i Møre og Romsdal  er tilgang på kompetent arbeidskraft. Både i privat og offentleg sektor har ein gått nye vegar for å rekruttere arbeidskraft. Møreforsking har difor gjennomført ei undersøking om arbeidskraftbehovet blant 105 privat og offentlege bedrifter i fylket.
 
Undersøkinga blir oppsummert gjennom følgjande ti  hovudpunkt: 1) Bedriftene har stort behov for folk med høg utdanning, 2) Dei fleste næringane slit med å rekruttere høgt utdanna arbeidskraft, 3) Mange bedrifter har eit stort innslag av eldre arbeidstakarar, 4) Det er framleis utfordrande å rekruttere arbeidskraft, særleg i offentleg sektor, 5) Rekrutteringsstrategiar nyttar – det er lite strategisk tenking rundt rekruttering av utanlandsk arbeidskraft, 6) Det er lite strategisk tenking rundt rekruttering av utanlandsk arbeidskraft, 7) Både offentleg og privat sektor opplever at dei kan gi folk faglege utfordringar, men for lite løn, 8) Natur og gode forhold for å drive friluftsliv er den fremste allmenne kvaliteten ved eige lokalsamfunn og eigen region som bedriftene har når dei skal lokke til seg arbeidskraft. Lokalisering i utkant dreg andre vegen., 9) Rekrutteringa av arbeidskraft er i sterk grad basert på lokal tilgang, ikkje minst i offentleg sektor, 10) Toinntektstilpassingar er ei utfordring for mange bedrifter.
 
Undersøkinga viser såleis noko som på mange måtar er ein ny situasjon for industri- og produksjonsfylket Møre og Romsdal, ein situasjon der behovet for høgare utdanna arbeidskraft er sterkt veksande. Dette skjer samtidig som mange er på veg ut av arbeidsmarknaden for å bli pensjonistar. Mange av desse alderspensjonistane skal erstattast av folk med høg kompetanse. Alt tilseier såleis at kampen om kompetansen blir skjerpa i åra som kjem, også for bedriftene i Møre og Romsdal.
 
Prosjektet er gjennomført av forskarane Finn Ove Båtevik (prosjektleiar) og Geir Tangen, begge Møreforsking.