I samband med sluttføringa av klimaplanar for ni kommunar på Sunnmøre og i Nordfjord blir det no arbeidd for å skape engasjement kring planane og miljøarbeid generelt.
Temasamlingar med fokus på energi, transport, forbruk og avfall er gjennomført. I tillegg har det vore gruppemøte i kvar kommune innan desse temaområda. Deltaking og engasjement på samlingane og møta tyder på at klimaplanarbeidet er godt forankra i arbeidsgruppene.
Når prosjektet no er i sluttfasa, og planane snart skal vedtakast, er det viktig å mobilisere fleire og forskjellige grupper i lokalsamfunna. Det vil difor i løpet av januar og februar verte arrangert folkemøte i Ørsta, Volda, Sula, Hareid, Sande og Vanylven. Fokus vil vere på kva som er dei lokale utfordringane, samt kva den einskilde kan gjere og kva som kan gjerast i kommuneorganisasjonen.
Auka fokus på miljø er også utgangspunktet for barnehagekonkurransen, som prosjektgruppa arrangerer saman med Sunnmørsposten. Barnehagar frå Volda, Hareid, Sula, Herøy og Sande skal gjennom tre veker delta i ein uhøgtidleg konkurranse med klima som fokusområde. Fokus denne veka er avfall og kjeldesortering, og Austefjord barnehage var først ut med oppslag i Sunnmørsposten den 13. januar. Dei andre temaområda i konkurransen vil vere energi og forbruk.