Partnarskap for folkehelse og Helse i plan er to verkemiddel eller arbeidsmetodar, som vert brukte i satsinga på å fremje folkehelse.
Målet med satsinga på folkehelse, slik ein les det i folkehelsemeldinga: Resept for et sunnere Norge (St.meld nr 16 (2002-2003), er eit sunnare Norge gjennom ein politikk, som for det første skal medverke til å betre den generelle helsetilstanden i befolkninga, og som for det andre skal medverke til ei utjamning av helsesituasjonen mellom ulike sosiale lag.
På oppdrag for Helsedirektoratet evaluerer Møreforsking og NIBR dei to verkemidla Partnarskap for folkehelse og Helse i plan. Undervegsrapportar frå evalueringa er publiserte i desse dagar. Evalueringa viser at dei formelle sidene ved arbeidet, slik som organisering og politisk forankring, i stor grad er på plass. I mange fylke og kommunar er dei også komne langt når det gjeld konkrete tiltak og aktivitetar overfor ulike målgrupper. Neste steg i arbeidet vert å operasjonalisere folkehelsearbeidet, også gjennom forankring i økonomiplanar og handlingsplanar lokalt, og skape meir operative arenaer for tverrfagleg arbeid. Dei to verkemidla ser ut til å vere føremålstenlege med tanke på å fremje samarbeid på tvers av nivå og sektorar. Evalueringa skal vere ferdig ved årsskiftet 2009/2010.