Møreforskar Finn Ove Båtevik skriv i ein kronikk i Sunnmørsposten om korleis bedriftene og regionen skal hente kloke hovud.
I kronikken peikar Båtevik på at sjølv om innovasjonsaktiviteten blant bedriftene i Møre og Romsdal er stor, er det å rekruttere og halde på kvalifisert arbeidskraft ein av dei faktorane som flest bedrifter opplever hemmande for eigen innovasjonsaktivitet.
Båtevik drøftar kva utfordringar dette skaper for bedriftene og regionen, der det blir særleg utfordrande å skaffe folk utanfrå. I denne samanheng presenterar han nokre tydelege berebjelkar som kan nyttast til å profilere bedriftene og regionen.
Det at regionen har eit interessant kompetansemiljø, kan med fordel framhevast meir enn det blir gjort i dag.