Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Busetjing av flyktningar i kommunane

Busetjing av flyktningar i kommunane

Flyktningar er ei utsett gruppe som ofte møter utfordringar i bustadmarknaden. På oppdrag for Husbanken er Møreforsking i gang med eit prosjekt der formålet er å identifisere gode busettingsstrategiar i kommunane. Møre og Romsdal har høg sekundærflytting, samstundes som arbeidsmarknaden er god - det gjer at vi har valt å sjå nærare på korleis kommunane i Møre og Romsdal jobbar med bustadsosiale problemstilligar når dei buset flyktningar.

 
Husbanken har eit særskilt ansvar for å arbeide for å skaffe bustadar til vanskelegstilte på bustadmarknaden, som til dømes flyktningar. Kommunane står for den praktiske utføringa av bustadpolitikken. I det kommunale busetjingsarbeidet er det viktig å sjå grunnleggjande samanhengar mellom det bustadsosiale arbeidet og overføringsverdien gode buforhold har for individet sitt funksjonsnivå i samfunnet. Det er behov for tiltak som kan bidra til å auke flyktningane si meistring av kvardagen i Norge.
 
For å få betre innsikt i korleis kommunane jobbar bustadsosialt, og i kva grad og på kva måte Husbanken sine støtteordningar vert brukte i kommunane, har Møreforsking hausten 2008 gjennomført ei kartleggjing av dei kommunane som buset flyktningar i Møre og Romsdal.
 
Våren 2009 vil Møreforsking sjå nærare på nokre utvalde kommuner som med ulike variabler er interessante i det å identifisere gode busettingsstrategiar. Sentralt i djupnestudien er planarbeid og strategiar i kommunane, og korleis flyktningane sjølv erfarer eigen bustadsituasjon.
 
Prosjektet vert avslutta i juni 2009.