Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Byane si rolle som attraksjonssentra i Møre og Romsdal

Inkludering - menyknapp - iStock_000002084190XSmall[1].jpg

Byane si rolle som attraksjonssentra i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit mål om å få fleire tilflyttarar til fylket. Hypotesa er at Møre og Romsdal manglar urbanitet, og at fylket kan bli meir attraktivt dersom ein utviklar Ålesund, Molde og Kristiansund som tydelege regionsentra med sterke bykvalitetar.

Møreforsking har fått i oppdrag å lage eit kunnskapsgrunnlag der vi skal beskrive og drøfte kva rolle dei tre byane spelar for attraksjonskrafta til fylket, og kome med forslag til innsatsområde for framtidig utvikling.
 
Analysen gjeld tre innsatsområde i Fylkesplanen 2013-17: verdiskaping, kultur og kompetanse. Sentrale problemstillingar er:
·        kva rolle spelar byane for rekruttering av kompetansearbeidskraft til fylket,
·        kva rolle spelar byane som vertskap for kompetanseinstitusjonar
·        kva rolle spelar byane som kultursentrum for fylket  
 
For å kunne utvikle byane til «urbane magnetar», er det eit poeng å identifisere kva byane manglar og kva som er styrken. Arbeidet blir basert på forskingslitteratur, gjennomgang av utvalde indikatorar og intervju med sentrale aktørar i og utanfor byane.
 
Prosjektet skal vere avslutta innan 1. juli. 
 
Prosjektet skal gjennomførast av Finn Ove BåtevikMarte Giskeødegård og Gro Marit Grimsrud. Sistnemnde er prosjektleiar.