To forskarar frå Møreforsking deltok på Bygdeforskingsdagen 4. og 5. november, med kvar sitt innlegg om flyttemønster. Mobiliteten på bygdene stod på timeplanen. Eit bodskap frå konferansen, og ikkje minst knytt til dei to innlegga frå Møreforsking, er at distrikta og bedriftene må bli flinkare å tenke breidde i eiga rekruttering. Nye grupper viser interesse både for arbeidstilbodet og andre kvalitetar ved distrikts-Norge. Den sterke arbeidsinnvandringa, viser at mange distriktskommunar blir opplevde som attraktive. Mange kommunar og bedrifter tenkjer likevel veldig tradisjonelt når det gjeld eige rekruttering- og tilflyttingsarbeid og har så langt utnytta potensiale for ny rekruttering dårleg.
Et kritisk blikk på idegrunnlaget
i distriktskommunenes tilflyttingsarbeid
Arbeid rettet mot hushold
for å få dem til å flytte til distriktene har utviklet seg til et eget
innsatsområde i distriktspolitikken – på siden av tradisjonell næringsutvikling
og stedsutvikling, og også på siden av integreringsarbeid rettet mot
innvandrere. Det
sentrale spørsmålet i paperet vårt er hvilke ideer om mobilitet og ruralitet
tilflyttingsarbeidet bygger på, og hvilke konsekvenser disse forståelsene gir
for resultatene av arbeidet.
Vi undersøker tilflyttingsarbeidets idegrunnlag
opp mot tradisjonelle flytte- og bygdeutviklingsteorier så vel som mot nyere
begreper som f.eks. translokalitet. Arbeidet vårt viser at motsetningsforholdet
mellom by og land ligger nokså fastlåst som basis for mesteparten av arbeidet,
og at hovedideen er at informasjon om bygdas goder er det som skal til for å
snu flyttestrømmen. Videre ser vi at bofastidealet står sterkt.'
Til sammen
mener vi at disse perspektivene kan snevre inn mulighetsområdet for tilflyttingsarbeidet,
og i verste fall sortere innbyggere i en gruppe som er ønsket (hvite
ressurssterke barnefamilier og tilbakeflyttere) og en gruppe som ikke er ønsket
(alle andre).
Bli verande eller reise vidare? – avgjerande faktorar når høgt utdanna vel å bu og arbeide i distrikta
Demografiske
utviklingstrekk tilseier at kampen om arbeidskrafta mellom storbyane og resten
av Norge kan bli ei stor utfordring for distrikta. Kulla som veks opp utanfor
dei største og mest sentrale regionane er reduserte. Utdanningsnivået i
befolkninga stig, og den høgst utdanna delen av befolkninga har eit
flyttemønster som klart peikar frå periferi til sentrum.
Samtidig er det
aukande behov for høgt utdanna arbeidskraft i distrikta, både i privat og
offentleg sektor. Framtida er kunnskapsintensiv, også blant mange bedrifter
utanfor storbyregionane. Mange bedrifter har stort behov for arbeidskraft med
høg formell kompetanse.
På bakgrunn av ein studie blant høgt utdanna
arbeidskraft som arbeider i kompetanseintensive bedrifter maritime og marine næringar,
har vi identifiserte det ein kan kalle fire bærebjelkar i rekruttering av slik
arbeidskraft i eit distriktsfylke. Bærebjelkane kan knytast til det aktivum bedriftene representerer
sjølve, kompetansemiljøet
i regionen, familie og sosiale nettverk og ei alternativ grunnhaldning hos arbeidstakarane ( mellom anna knytt til den gruppa som vi har
kalla «friluftsrallarar»).
Eit viktig funn er at opplevinga
av det regionale kompetansemiljø aukar tilknytinga til regionen monaleg.
Den regionale tilknytinga gjennom oppvekst er for så vidt viktig på den
måten at desse i større grad enn andre kjem til regionen. Det må likevel understrekast at seinare
karriereflytting blir opplevd som like sannsynleg blant dei med lokal og
regional tilknyting som blant tilflyttarane.
Positiv oppleving av kulturen på
arbeidsplassen gir sterk tilknyting til bedrifta. Sterk tilknyting
til arbeidsplassen finn ein også blant dei mest aktive
friluftsentusiastane. Tilknyting til arbeidsplass og bedrift betyr derimot
ikkje alltid at ein samtidig er knytt til regionen. Fleire av
kompetansearbeidarane er tilsette i selskap med avdelingar både i inn- og utland,
noko som gjer ei karriereflytting utan byte av arbeidsgivar er mogleg. Ut frå
dette har vi mellom anna foreslått at omgrepet «friluftsrallarar» kan fangar
opp ei av gruppene som utgjer rekrutteringsgrunnlaget for bedriftene. Omgrepet
fangar opp ei gruppe som set høve til å drive friluftsliv høgt, men utan at
dette nødvendigvis gir noko sterke band til regionen som framtidig stad å bu.
Om ein då arbeider i eit stort og multiregionalt selskap, gir dette høve til «å
shoppe» opplevingar, samstundes som ein kan bygge ei karriere i det aktuelle
selskapet.
Studien omfattar høgt utdanna
som er relativt tidleg i etableringsfasen, både på bu- og arbeidsmarknaden. Empirien
er henta frå Møre og Romsdal.