Møreforsking set søkelyset på utvikling og endringar på Søre Sunnmøre som følgje av dei nye vegsambanda.
I det ferskaste
nummeret av
Plan skriv Finn Ove Båtevik og Geirmund Dvergsdal om effektane Eiksundsambandet
og Kvivsvegen har hatt på Søre Sunnmøre.
- Vi ser ei
tydelig regionutviding. Fleire får enklare tilgang til tilbod som til dømes
utdanning, sjukehus og flyplass, forklarar den eine av artikkelforfattarane,
Geirmund Dvergsdal.
Eit større regionalt
kundegrunnlag har hatt positive effektar for Ørsta-Volda lufthamn. Eiksundsambandet
opna i 2008, og i året som følgde auka passasjertrafikken med nesten 50 prosent.
Denne trenden ser ikkje ut til å snu.
- Reiseavstand,
befolkning, kundar og næringsliv er grunnleggande faktorar for regional
utvikling, og denne blir styrka ytterligare no som Kvivsvegen er opna, seier
Dvergsdal.
Det er også
utfordringar knytt til dei nye vegsambanda. Eit sentralt spørsmål er
korleis offentleg sektor skal organisere seg i forhold til ein region som går
på tvers av både fylkes- og andre forvaltningsgrenser.
- Kanskje
kan nye samhandlingsmønster bidra til ein meir samla region og vise fram
kvalitetar som no ligg skjult, seier Dvergsdal.
For mange grupper på
Søre Sunnmøre har vegsambandet opna nye moglegheiter. Næringslivet opplev ei
auke i kompetansearbeidskraft. Valmulegheitene for dei som alt bur
i regionen er fleire og regionen vil framstå som meir attraktiv for dei som
vurderer å etablere seg, konkluderer rapporten i Plan.