Møreforsking har no avslutta evalueringa av Helse i plan og Partnerskap for folkehelse. Evalueringa er gjennomført på vegner av Helsedirektoratet i perioden 2007 - 2010. Arbeidet er gjort i samarbeid med NIBR.
Evalueringene viser at ein godt i gang med å forankre arbeidet med Helse i plan og Partnerskap for folkehelse i kommuneorganisasjonane. Aktørar i kommunane opplever både Partnerskap for folkehelse og Helse i plan som svært nyttige verkøty i det lokale folkehelsearbeidet. Dei rapporterar at arbeidet har gitt økt kompetanse i organisasjonen, betre tverrfagleg samarbeid, betre samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa og ei økning i praktiske folkehelsetiltak lokalt. Også på fylkeskommunalt nivå opplever dei at tiltaka bidrar positivt i deira folkehelsearbeid. Likevel står kommunar, saman med fylkeskommunale og nasjonale myndigheiter overfor store utfordringar i arbeidet. Her er døme på utfordringar vi har peika spesielt på
- bruk av små stillingsbrøkar i folkehelsekoordinatorstillingar
- plassering av folkehelsekoordinatoren er svært viktig, men ser ut til å være gjenstand for tilfeldig plassering
- frivillig sektor vil gjerne vere med i folkehelsearbeidet, og vert rekna som viktig, samstundes som det er viktig å ta vare på frivillighetens automoni
- kommunelegen sin rolle er avgjerande for langsiktig og heilskapeleg folkehelsearbeid, men er i svært varierande grad aktiv deltakar i arbeidet
- det er stor etterspørsel etter folkehelsedata som kan ligge til grunn for det lokale arbeidet, men ein treng kompetanse på å samle inn, analysere og iverksette tiltak på bakgrunn av slike data
Samtidig med sluttrapporten, har vi publisert ein oppsummerande rapport for tiltaka Kommunehelseprofilar, Helse i plan og Partnerskap for folkehelse.