Finn Båtevik, forskar hos Møreforsking Volda, har bidrege til ei fersk lærebok på engelsk om det moderne norske samfunn.
Boka gjev eit nytt og oppdatert perspektiv på korleis Norge
har utvikla seg til eit moderne samfunn. Både historiske linjer og gode innblikk i samtida blir presentert.
Fagbokforlaget seier dette om Noreg «The identity of the country can be seen as
balancing culturally between urban and rural, and ideologically between market
and social democratic values.”
Båtevik er geograf og har
skrive eit kapittel om befolkningsutvikling i boka.
Tenkt
målgruppe for denne fagboka er utanlandske studentar og andre som skal besøke
Norge eller flytte hit. Men boka høver også for turistar og andre, som
ei kjelde til verdifull innsikt og kunnskap.