Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Fleire offiserar til fiskeflåten?

Fleire offiserar til fiskeflåten?

Fiskeflåten opplever store utfordringar med å rekruttere og halde på arbeidskraft, ikkje minst offiserar. Behovet for sertifisert personell er aukande i næringa, sjølv om tal einingar i flåten har vore minkande. Fiskebåtrederenes Forbund har på bakgrunn av dette teke initiativ til eit forprosjekt der ein ser nærare på utfordringane knytt til det å sikre fiskerinæringa tilgang på kompetent arbeidskraft. Oppdragsgivar for arbeidet er ”Sett Sjøbein”. Møreforsking Marin og Møreforsking Volda vil samarbeide om gjennomføringa av prosjektet. Øyvind Herse (Møreforsking Marin) og Finn Ove Båtevik (Møreforsking Volda) vil vere prosjektleiarar.