Herøy, Ulstein, Ørsta og Volda vil gå saman for å bytte ut fossilt med fornybart brensel.
Kommunane har arbeidd i fleire år med iverksetjing av klimatiltak,
spesielt med fokus på enøk. No har også transport kome i søkelyset, og dei fire
kommunane vil bytte ut fossilt brensel med elektrisitet i kommunale bilar.
Dei siste fem åra har
Møreforsking vore tilknytt klimanettverket. Det er eit samarbeid mellom 7 kommunar i
Møre og Romsdal med fokus på klimaspørsmål. Som følgje av dette har Møreforsking bidrege
i arbeidet med ein søknad til Transnova.
I denne ber kommunane om støtte til å kjøpe inn el-bilar og
til å opprette ladestasjonar. På noverande tidspunkt har ingen av dei fire
kommunane bak søknaden kommunale el-bilar, og det er få ladestasjonar.
Kommunane skriv i søknaden at eit slikt offentlig initiativ kan
ha positive ringverknadar for lokalmiljøet. Dette er forskar Susanne Moen
Ouff einig i:
- Det er ein siger at kommunane på Søre Sunnmøre arbeidar
godt med klimaplanar. Dette viser at dei ikkje er klimasinker, snarare tvert
imot, seier Moen Ouff.