Regionalt næringsliv slit med å trekke til seg kompetanse. På RIP konferansen i Portugal førre veke presenterte Møreforsking Volda eit prosjekt om korleis distrikta kan trekke fleire folk.
På
RIP (Regional Innovation Policies) konferansen i Porto
la
VRI-forskarane Finn Ove Båtevik og Else Ragni Yttredal fram idear om korleis
distrikta kan konkurrere med byane i kampen om kompetansen.
- Det er eit aukande behov for rekruttering av
personar med formell kompetanse i regionalt næringsliv. Mangel på slikt
personell kan være ein flaskehals for innovasjon i bedriftene, seier Finn Ove
Båtevik ved Møreforsking Volda.
Perifere og
semi-perifere regionar kan ikkje by på dei same moglegheitene som storbyar kan.
Ein har til dømes mindre variasjon i arbeidsmarknaden, mindre kulturtilbod og
færre karrieremoglegheiter. No ynskjer forskarane frå Volda å finne ut korleis
regionalt næringsliv kan trekkje til seg arbeidskraft med høg kompetanse.
- Vi er enda tidleg i prosjektet, men intervju med
bedrifter og personar med høg formell kompetanse indikerer at arbeidsplassen,
regionen, familie og sosiale nettverk er viktige faktorar når folk vel kor dei
skal bu, seier Båtevik.
RIP konferansen fokuserer på regional forsking og innovasjon
og er ein viktig møteplass for forskarar frå heile Europa. Det var 26 innlegg
og artiklar frå Norske forskarar på RIP konferansen i Porto, med tema som
varierte frå gruveindustri i Kirkenes til utvikling av nettverk innanfor
spillindustri.