Nyheter
Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kartlegg konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta nærin...

Kartlegg konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta næringslivet i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer ei systematisk oversikt over konsekvensane av koronapandemien for det eksportretta næringslivet i fylket. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast til å vurdere kva tiltak som verkar best for verksemdene i fylket, og det vil utgjere delar av kunnskapsgrunnlaget som fylkeskommunen skal bruke i dialogen med sentrale myndigheiter.
Møreforsking Molde har fått i oppdrag å lage
undersøkinga for fylkeskommunen, og ho vert no sendt
ut gjennom bransjeorganisasjonar og andre sentrale organisasjonar i fylket.
Møre og Romsdal fylkeskommune er oppteken av at flest mogleg av verksemdene
svarar på undersøkinga. Saman med andre undersøkingar gjort i enkelte segment
av næringslivet, vil desse resultata danne eit godt grunnlag for å vurdere kva
tiltak som skal settast inn på kort og lang sikt.
Følgjande bransjar skal svare på undersøkinga:
-
Maritim næring
- Olje og gass
- Sjømat og marine næringar
- Møbelindustri (og leverandørar til møbelindustri)
- Reiseliv
- Prosessindustri
- Anna eksportretta næring (t.d. underleverandørar og liknande)
