Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar til Møre og Romsdal

Organisasjon - iStock_000004791880Small[1].jpg

Kjønnsperspektiv på rekruttering av innbyggjarar til Møre og Romsdal

Møreforsking har fått i oppdrag av Møre og Romsdal fylkeskommune å lage eit kunnskapsgrunnlag som skal brukast til å setje i verk tiltak for å få fleire unge kvinner med høg utdanning til å busette seg i fylket

Prosjektet skal studere og samanlikne tre kommunar i Møre og Romsdal, som er ulike når det gjeld sentralitet, folketal, flyttemønster og næringsstruktur. I valet av kommuner er det fokus på at dei representerar forskjellige strategiar i arbeidet med attraktivitet og tilflytting.
 
I kvar av dei tre kommunane vil vi hente inn og analysere kunnskap om korleis dei arbeider med kjønn og rekruttering. I tillegg vil vi undersøke kva unge kvinner og menn sjølv meiner har vore viktig for at dei busette seg i kommunen.
 
Ved å samanlikna casane våre, og analysere dei mot fagkunnskap om attraksjon og tilflytting, meiner vi at denne studien vil kunne gje verdifull kunnskap som vil ha stor overføringsverdi for framtidige rekrutteringsstrategiar i ulike typar kommunar i fylket.
 
Prosjektet går frå mai til 1. september.
Gro Grimsrud og Marte Giskeødegård jobbar med prosjektet. Prosjektleiar er Marte Giskeødegård.