Ei gruppe innovasjonsforskarar skriv i ein artikkel i Plan 6/2013 om innovasjons og rekrutteringsutfordringar i eit regionalt perspektiv.
Mykje av innovasjonsforskinga dreiar seg om innovasjonssystem og samspelet mellom ulike delar av dette systemet. Slike system består av mange aktørar, knytte til FoU-miljøa, andre delar av støtteapparateet rundt bedriftene eller bedriftene sjølv.
Men innovasjon og utviklingspotensiale til bedriftene handlar ikkje minst om nøkkelpersonale i bedriftene. Tilgang på kvalifisert arbeidskraft er ein viktig føresetnad for vidare utvikling av bedriftene. I dagens situasjon handlar dette meir og meir om tilgangen på høgt utdanna arbeidskraft. Rekruttering blant høgutdanningsgruppene blir då sentralt for innovasjons- og utviklingsarbeidet i bedriftene.
Artikkelen tek for seg betydinga av tilgang på høgt utdanna arbeidskraft i eit innovasjonsperspektiv og dei rekrutteringsutfordringane bedrifter kan møte i kampen om kompetansen. Til slutt peiker artikkelen på fire berebjelkar som har vist seg effektive for å rekruttere og halde på høgt utdanna arbeidskraft i distrikta.
Finn Ove Båtevik, Gro Marit Grimsrud og Else Ragni Yttredal frå Møreforsking har saman med Etty R. Nilsen (førsteamanuensis ved Høgskolen i Buskerud), Jon Gunnar Nesse og Torbjørn Årethun (førstlektorar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane) skrive artikkelen.