Regjeringa sette fredag 22. januar ned eit offentleg utval som skal greie ut tiltak for å spreie kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar over heile landet. Professor Karen Helene Ulltveit Moe skal leie utvalet, som har 7 medlemmar. Roar Tobro, som er direktør i Møreforsking, er ein av desse.
Utvalet er sett ned av Kommunal- og regionaldepartementet og har følgande mandat:
- Utvalet skal fremje konkrete forslag til tiltak for å sikre at kompetansearbeidsplassar og nye statlege arbeidsplassar vert spreidd i heile landet. Tiltak for å sikre rekruttering til kompetansearbeidsplassar i distrikta skal også vurderast. Med kompetansearbeidsplassar meinast i denne samanhengen spesialiserte arbeidsplassar med krav til høgare utdanning.
- Utvalet skal vurdere tiltak som kan treffe både offentlege og private kompetansearbeidsplassar.
- Utvalet skal byggje forslaga på kunnskap om korleis slike arbeidsplassar vert lokaliserte i arbeidsmarknader av ulik storleik, viktige rammevilkår for slik lokalisering og korleis rekrutteringa til kompetansearbeidsplassar er i ulike typar arbeidsmarknader.
- Utvalet skal vurdere samfunnsøkonomiske konsekvensar av forslag til tiltak, og i denne samanhengen vurdere konsekvensar av tiltaka på funksjonsmåten til arbeidsmarknaden. Minst eitt av forslaga skal baserast på uendra ressursbruk.
Medlemmar i utvalet er:
Professor Karen Helene Ulltveit-Moe, Universitetet i Oslo (leder)
Selvstendig næringsdrivende Åsa Elvik, Bø i Vesterålen
Seniorrådgiver Lillian Hatling, Distriktssenteret, Steinkjer
Forskningsdirektør Torbjørn Hægeland, SSB
Professor Kjell Gunnar Salvanes, Norges Handelshøyskole
Regionutviklingsdirektør Jan Per Styve, Hordaland fylkeskommune
Direktør Roar Tobro, Møreforsking
KRD si pressemelding finn du
her.