Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Kva skal eg bli? Evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal

Kva skal eg bli? Evaluering av Karrieredagane i Møre og Romsdal

Karrieredagane er eitt av fleire karriererettleiingstiltak retta mot ungdom i fylket. I samband med Karrieredagane er det arrangement i fire regionar, som er Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.

 
På oppdrag for Møre og Romsdal fylkeskommune, har Møreforsking Volda evaluert Karrieredagane. Møreforsking Volda har undersøkt kva erfaringar medverkande aktørar og deltakarar har med Karrieredagane, med fokus på mellom anna planlegging og organisering av Karrieredagane, utbytet for elevane og fylkeskommunen si rolle.
 
Konklusjonen er at Karrieredagane er liv laga. Evalueringa viser at ein relativt stor del av elevane har utbyte av tiltaket fordi det gir ein god peikepinn på moglege utdannings- og yrkesval. Kommunar, ungdomsskular, aktørar i vidaregåande opplæring og arbeidslivet, både i privat og offentleg sektor, ser på Karrieredagane som eit godt tiltak, både fordi ungdomar får informasjon om mogleg utdanningsprogram og fordi det er ein arena der ein får profilert verksemder og yrke i Møre og Romsdal. Men evalueringa viser at dei involverte partane må vere tydlegare når det gjeld å formidle kva dei kan bidra med og kva dei forventar at andre partar si rolle skal vere i samband med Karrieredagane. Først då kan ein legge til rette for berekraftige partnarskap rundt Karrieredagane.
 
Problemstillingane er undersøkte gjennom dokumentstudiar, møtedeltaking, undersøking blant ungdomsskuleelevar og intervju med sentrale aktørar. Evalueringa skal danne grunnlag for å vurdere profilen på arrangementet, og korleis ein framover kan planlegge, organisere og gjennomføre Karrieredagane.
 
 
Nærare informasjon om evalueringa ved prosjektleiar Randi Bergem, Møreforsking Volda.