Enøk- konkurransen “Kven kan spare mest?” er avslutta, og resultatet frå alle klassane er klart. 300 elevar frå 15 klassar har gjort ein kjempeflott innsats for miljøet og for å spare energi. Alle som har delteke har også bidrege til at Enøk har fått meir fokus blant folk flest, og vi trur også at denne uhøgtidlege konkurransen har vist at sjølv små sparetiltak som kvar og ein av oss kan gjere utan “dramatiske” omleggingar, har effekt.
Etter å ha vurdert gjennomsnittleg sparing og sparing veke for veke, korrigert for temperatur m.m. kom vi fram til følgjande liste for dei tre (fire) beste:
Klasse Snitt spart i %
1. Hasund skule, klasse 6b, Ulstein kommune 24 %
2. Myklebust skule, Vanylven kommune 21 %
3. Ulsteinvik barneskule, klasse 6b, Ulstein kommune 14 %
3. Haddal skule, Ulstein kommune 14 %
Konkurransen har vore ein del av arbeidet med å skape positive haldningar til energiøkonomisering og klimaspørsmål. Den inngår som ein del av dei tiltaka kommunane har sett i verk i oppfølging av dei
kommunale klimaplanane alle kommunane utarbeidde i 2009.
Du kan lese meir om bakgrunnen for konkurransen
her.
Måndag 24. april 2012 starta konkurransen ”Kven kan spare mest?” Starten på konkurransen vart markert på Øyra Skule i Volda. Her fekk klasse 6A besøk av Geirmund Dvergsdal frå Møreforsking Volda og Harald Jarnes Lillebø frå Energiråd. Sunnmørsposten var også med på markeringa, og du kan lese artikkelen her (PDF).
Andre presseoppslag om konkurransen:
Vikebladet, 1. juni 2012:
Vikebladet, 14. juni 2012:
Vikebladet, 15. juni 2012: