Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Møreforsking underteiknar partnarskapsavtale med Grøn Fjord

GrønFjord_Signering.JPG

Møreforsking underteiknar partnarskapsavtale med Grøn Fjord

Møreforsking vart torsdag første partnar i partnarskapen «Eit reint meisterverk» knytt til Grøn Fjord 2020.

 
Prosjektet arbeider for å finne berekraftige løysingar for Geirangerfjordområdet.
 
Signeringa markerte avslutninga av den inspirerande «Grøn Fjord konferansen» og startskotet for rekruttering av nye partnarar til samarbeidet.
 
Partnarskapen er eitt av fleire tiltak for å knyte Møreforsking tettare saman med arbeidet knytt til Verdsarvområda.  Det er også inngått ein samarbeidsavtale med Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv.
 
Målsetjinga for samarbeidet er kunnskapsoppbygging gjennom forsking, utvikling og formidling knytt til Vestnorsk Fjordlandskap og Grøn Fjord. For å nå dette målet vert det mellom anna jobba med å utarbeide ein FoU-strategi for Vestnorske fjordlandskap, utvikle nasjonale og internasjonale forskingsnettverk og for å byggje eit koordinerande kunnskapsmiljø i Geiranger.
 
To prosjekt er allereie i gang: Eitt knytt til FoU-strategi for Vestnorske fjordlandskap og eitt ser på konsekvensar og tolegrenser knytt til utslepp og trafikk i verdsarvområdet.
 
 

Møreforsking har inngått eit tett samarbeid med Verdsarvområda. Tysdag vart det gjennomført Workshop knytt til FoU-strategi for Versarvområda Nærøyfjorden og Geiranger.
 
 
  
 
Annelise Chapman frå Møreforsking heldt innlegg på Grøn Fjord konferansen
  
Sjå også Grøn Fjord på Facebook. Les meir, bruk gjerne "LIKE" og "SHARE" knappane du finn der