Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Dei nye hendene - Familieinnvandrere i helse- og omsorgss...

Ny rapport: Dei nye hendene - Familieinnvandrere i helse- og omsorgssektoren

Rapporten har bakgrunn i prosjektet Dei nye hendene – representerer familieinnvandring eit arbeidskraftpotensiale for helse- og omsorgssektoren?

 
Stor arbeidsinnvandring til Nord-Vestlandet gjer at familieinnvandring representerer eit arbeids-kraftpotensiale for helse- og omsorgssektoren i landsdelen. Tala til no peikar i retning av at ein har kome relativt kort i rekrutteringa av slik arbeidskraft på Nord-Vestlandet, både i helse- og omsorgsektoren og i kommunal sektor i det heile. Til no er det utanlandske kvinner gift med nordmenn som i størst grad har klart å etablere seg i helse- og omsorgssektoren. Fleire utfordringar skal møtast for å kunne gjere seg nytte av det arbeidskraftpotensiale som ligg i både arbeids- og familieinnvandringa. Av desse utfordringane er språk og språkopplæringa den største. På den andre sida vert Nord-Vestlandet opplevd som populært. Mange fortel at dei hadde jobb i heimlandet, og at motivasjonen for å flytte ikkje berre handla om betre løn i Noreg og høg arbeidsløyse i heimlandet. Dette seier noko om innvandrarar som ser Nord-Vestlandet som ein ressurs. Vår utfordring vert å leggje til rette for at dei i størst muleg grad kan bli ein ressurs for landsdelen.
 
Oppdragsgjevar for prosjektet har vore Regionalt forskningsfond (RFF), Fondsregion Midt-Norge.
 
Rapporten kan du laste den her.
 
Kronikken "De nye hendene" som vart publisert i Sunnmørsposten 21. november 2011, kan du laste ned her.
 
Kronikken "Innvandrere som ny ressurs i offentleg sektor" som vart publisert i Sunnmørsposten 18. august 2012 (papir), kan du laste ned her.
 
 
Nærare informasjon om prosjektet ved forskar Marte Hanche-Olsen, Møreforsking Volda.