Prosjektet «Betre samordning av bustadsosiale tenester for personar med psykiske lidingar og rusproblem» har hatt som hovudmål å skape eit kunnskapsgrunnlag som kan bidra til betre bustadsosiale tenester for menneske med samtidig rusliding og psykisk liding. Samordning har vist seg å vere ein flaskehals i dette arbeidet.
I rapporten er det identifisert faktorar i kommunane sitt bustadsosiale arbeid som hindrar og fremjar samordning.
God samordning synest å vere som å legge eit puslespel som startar med enkeltmenneska. I botnen ligg utvikling av felles verdigrunnlag, haldningar og prinsipp for det bustadsosiale arbeidet. Grunnlaget for samordning av bustadsosiale tenester vil vidare vere ein tilpassa bustad, fleksibilitet i hjelpetilbodet og stabilitet og tillit i menneskelege relasjonar.
Kompetanse, ressursar, ansvarsavklaring og samhandlingsarenaer er faktorar som fremjar og hindrar samordning av slike tenester i kommunen og mellom kommunen og andre instansar.
Funna er basert på litteraturstudium, spørjegransking til kommunane i Husbanken region Midt og djupneintervju.