Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Ekstremsport, business og bulyst

XCreek.JPG

Ny rapport: Ekstremsport, business og bulyst

Ekstremsportarrangement kan bidra til at fleire vil bu på Vestlandet, utvikle reiseliv og nye verksemder. Men statusen som ekstremsportfestival kompliserer samarbeid som kan utvikle både festivalen og regionen.

 
 
Ekstremsportarrangementa på Vestlandet appellerer til ei stor gruppe unge menneske. Bratt terreng, moglegheiter for mange ulike sportar og lokal kunnskap er viktige stikkord. Populariteten til arrangementa kan bidra til å marknadsføre Vestlandet, og på den måten utvikle reiseliv, nye verksemder og få fleire folk til å ynskje å bu i regionen.
 
Men ekstremsportarrangement har eit problem i festival-Norge: dei er ikkje tradisjonelle idrettsarrangement med ballspel, friidrett eller turnmatter. Dei kan heller ikkje reknast som musikkfestivalar. Dette skapar ofte både økonomiske og organisatoriske problem for ekstremsportfestivalane, og kompliserer samarbeid som kan utvikle festivalen og regionen.
 
Møreforsking har gjennomført eit prosjekt saman med Fjellsportfestivalen, Ekstremsportveko, Norsk Fjellfestival, World Base Race, Stryn Sommarski og X2. Dette viser at alle arrangementa, kanskje utanom Ekstremsportveko, slit med økonomi og administrasjon.
 
Samtidig som Norsk Rockforbund tek seg av musikkfestivalanes interesser, og Idrettsforbundet ordnar med idrettsarrangement, er det ingen organisasjon som samlar utøvarar innanfor frisport eller ekstremsport. Dette påverkar ekstremsportfestivalane på fleire måtar: det er lite samordning og læring mellom arrangementa, og mange festivalar har problem med å få i gong eit samarbeid med kommunar og lokalt næringsliv. 
 
Les rapporten her