Inn på tunet er eit felles omgrep for eit mangfald av tilbod knytt til
gardsbruk. Tilboda er retta mot ulike brukargrupper innanfor helse, omsorg,
rehabilitering/habilitering og oppvekst. Eldre og demente kan til dømes få
oppleve eit miljø dei kjenner igjen, eller ungdom kan få praktisk erfaring som
klasserommet ikkje kan tilby.
Møreforsking har gjennomført eit prosjekt med fokus på kommunar på
Vestlandet sin kjennskap til, bruk og erfaringar med det alternative tilbodet Inn
på tunet. Det er første gong det er gjort ei kartlegging av dette tilbodet
frå eit kommunalt perspektiv.
Kommunane opplever at deira eigne standardiserte tilbod ikkje strekk
til. Behovet for spesialiserte tenester aukar, samtidig som kommunane ikkje har
høve til å produsere desse tenestene sjølve. Inn på tunet kjem
her inn som eit alternativ.
Kartlegginga til Møreforsking viser at det er ein marknad for Inn
på tunet. Dei kommunane som brukar tilbodet er jamt over godt nøgde fordi
konseptet held god kvalitet og lett kan tilpassast individuelle behov. Likevel
er kommunane tilbakehaldne med å velje dette tilbodet. Under halvparten av
kommunane på Vestlandet brukar Inn på tunet i dag. Det er
hovudsakleg store og middels store kommunar som ligg relativt sentralt som
kjøper mest Inn på tunet- tenester. Typiske landbrukskommunar brukar ordninga i
mindre grad.
Kommunane er krevjande kundar og vil helst ha tilbydarar av Inn
på tunet som kan levere «komplette pakkar». Kommunane vil ha tilbydarar
som har ein eigna gard, dei rette sosiale eigenskapane og den rette
fagkompetansen. Dei «rette» Inn
på tunet- tilbydarane vil såleis kunne få ein god fot innanfor offentleg
tenesteproduksjon i framtida.
Det viktigaste innovative elementet i Inn på tunet, ligg i
at kommunane her kan tilby eit fleksibelt tilbod som kan tilpassast behova brukarane har.
Viktige faktorar for at Inn på tunet skal fungere er:
· Forankring (politisk
og administrativt)
· Tilgang på eldsjeler
· Dialog og god prosess
mellom kjøpar og tilbydar i utvikling og drift
· Totalkompetanse hos
tilbydar
· Utviklingsorientert
fokus og organisering i kommunen