Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Ny rapport: Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid

Ny rapport: Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid

God bedriftskultur, synlege næringar og friluftsinteresser er nokre faktorar som kan gjere marine og maritime arbeidsplassar i Møre og Romsdal attraktive for høgt utdanna arbeidskraft.

 
 
Det er eit aukande behov for arbeidskraft med høg formell kompetanse i marine og maritime næringar i Møre og Romsdal. Rapporten «Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid» tek for seg ulike faktorar som kan hjelpe bedrifter til å rekruttere og halde på arbeidskraft i marine og maritime næringar.
 
Eigenrekrutteringa av høgt utdanna arbeidskraft er viktig, men ikkje tilstrekkeleg for dei marine og maritime bedriftene i Møre og Romsdal. I tillegg er bedriftene er ofte ute etter spesialkompetanse som ein må leite etter på ein nasjonal eller internasjonal arbeidsmarknad. Høgt utdanna arbeidskraft som skal inn i marine og maritime næringar har, på lik line med andre, både forskjellige og samansette interesser, men det er likevel fire hovudfaktorar som er viktige i valet av marine og maritime bedrifter i Møre og Romsdal:
·  
        Ei alternativ grunnhaldning: Det er eit klart potensiale i å spele på regionale fortrinn, i den samanhengen er natur og friluftsliv stikkord. Enkelte bedrifter har, med stort hell, medvite lagt vekt på å nå tak i «friluftsrallarane» i eiga rekruttering. Det er også lettare for bedrifter i Møre og Romsdal å tiltrekkje seg arbeidarar som uttrykker «storbyskepsis», og difor ikkje vil busetje seg i Oslo.
·           
        Det aktivum bedriftene representerer: Det tydleg at dei bedriftene som har greidd å utvikle ein inkluderande bedriftskultur profitterer på dette.
·             
        Den regionale arbeidsmarknaden: Mange bedrifter i marine og maritime næringar tener på at dei er del av eit kompetansemiljø som blir opplevd som attraktivt blant dei som er rekruttert inn og har vorte kjende med bedriftene og regionen.
·        
        Familie og vener: Familie er viktig for å velje å bu i fylket. Undersøkinga tyder likevel på at rekruttering utanfrå ikkje nødvendigvis er meir risikabelt enn å rekruttere lokalt. Samtidig er det teikn til at rekrutteringa utanfrå er styrka, noko som mellom anna kan koplast til arbeidsinnvandring.
 
        Les rapporten Kompetanse for ei kunnskapsintensiv framtid