Møreforsking har arbeida i fleire år med bustadsosiale utviklingsarbeid i kommunane tilhøyrande Husbanken region Midt-Norge. Denne rapporten er refleksjonar kring behovet for koordinering og leiing av bustadsosialt arbeid i kommunane.
I denne rapporten oppsummerar vi noko av erfaringane med arbeidet, og reflekterer kring leiarskap.
Bakgrunnen for valet av leiarskap som tema, er leiing av arbeidsoppgåver på tvers av kommuneorganisasjonen, i matriseorganisasjonar, er eit lite utforska område. Våre erfaringar viser på andre sida at det er behov for slik kunnskap.
Vi presenterer derfor her starten på det vi kallar «verdibasert matriseleiing».
Med matriseleiing meiner vi målretting og koordinering av arbeid på tvers av formelle strukturar. Matriseleiing i kommuneorganisasjonar er i stor grad avhengig av forankring av verdiar fordi ein i liten grad har formelle strukturar som definerer roller og forventningar for involverte partar - dermed omgrepet «verdibasert matriseleiing».
Kontakt prosjektleiar Else-Ragni Yttredal for meir opplysingar.