Verknader av slike prosessar må knytast til konkrete tilfelle av nedlegging. I Nord-Noreg og Oppland viser undersøkinga mellom anna at nedlegging av vidaregåande skular kan svekke lokal identitet ved at ungdommen flyttar på hybel og kompetansearbeidsplassar forsvinn.
Rapporten er ein analyse av moglege konsekvensar av å endre strukturen i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. Studien er eit forprosjekt gjennomført på oppdrag for Sogn og Fjordane fylkeskommune, opplæringsavdelinga og plan- og samfunnsavdelinga.
Studien bygger på erfaringar henta frå to lokalsamfunn som har vore gjennom ei omstrukturering, eit døme i Nord-Noreg og eit døme i Oppland. Begge døma er lokalisert i distrikta, men innanfor dagleg pendlaravstand til eit regionsenter som har fått styrka sin skule som følgje av nedlegging i utkanten.
Forskarane bak studien har søkt etter norsk og internasjonal litteratur som tek for seg lokalsamfunnskonsekvensar av konsolideringar i vidaregåande skule. Slik litteratur finst det lite av. Det meste som er skrive om temaet handlar om grunnskular. Det er likevel ein omfattande litteratur om regionale utviklingsprosessar som er relevant i forhold til nedlegging av vidaregåande skular.
Hovudtrekk i rapporten er at nedlegging av vidaregåande skular fører til lang reiseveg for ungdommen og mange vel å flytte på hybel. Dette gjer at ungdomsmiljøet på staden vert svekka, og deltaking i lokale lag og organisasjonar minkar. I tillegg misser lokalsamfunnet kompetansearbeidsplassar og kan verte mindre attraktivt for tilflyttarar utanfrå.