Møreforsking Volda - i samarbeid med ideas2evidence - har nyleg gjennomført ei utgreiing av dei regionale aktørane på Vestlandet sitt arbeid med bygde- og lokalsamfunnsutvikling. Oppdragsgjevar har vore Distriktssenteret.
Oppdraget har vore ein kunnskapsstudie og kartlegging der Distriktssenteret har hatt ynskje om å samanstille og samanlikne kunnskap om korleis det på regionalt nivå blir arbeidd med bygde- og lokalsamfunnsutvikling.
Prosjektet har vore avgrensa til det arbeidet som vert drive hjå fylkeskommunar og fylkesmenn i dei fire fylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.
Rapporten frå prosjektet vart presentert av forskar Geirmund Dvergsdal på konferansen Vestlandsk Vidsyn på Voss 26. og 27. oktober 2011.
Rapporten kan du laste ned
her.