Den undersjøiske Eiksund-tunellen gav i 2008 fastlandssamband for kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein og la såleis grunnlag for ei tettare kopling mellom desse kommunane og kommunane Ørsta og Volda på fastlandet. Eiksund-sambandet har endra samhandlingsmønstret i området, og fleire teikn tyder på at regionen er knytt langt tettare saman og har fått eit større grunnlag for vekst og utvikling. Nye opningar, både med tanke på val av arbeidsstad, men også med tanke på eit breiare tilbod på fleire område, har gjort regionen meir attraktiv både for folk og verksemder.
I 2012 kjem ei ny regionutviding, noko som vil gjere at kommunane Stryn og Hornindal blir tettare knytte opp til kommunane i Eiksund-regionen. Befolkninga i Stryn og Hornindal ser på dette sambandet først og fremst som betra tilgang til eit større handelsområde og ein større arbeidsmarknad. Frå sunnmørskommunane er forventingane meir knytt til fritidsmarknaden, noko som alt har materialisert i stor investeringslyst på hyttemarknaden i Stryn. For sunnmøringane vil vegen også vere viktig med tanke på at den gir kortare reisetid vidare mot Austlandet.
Nærare informasjon om den nye regionen som er i emning ved
Finn Ove Båtevik, Møreforsking.
Notatet Ny region i emning - frå Runde til Videsæter gjennom Eiksund og Kviven kan du laste ned
her.
Sjå og notatet Eiksund - konturene av en ny region som du kan laste ned
her.