Møreforsking Volda har fått nye medarbeidarar. Geirmund Dvergsdal og Erlend Krumsvik har i oktober byrja som forskarar ved Møreforsking Volda.
Geirmund Dvergsdal er master i Samfunnsplanlegging og leiing frå Høgskulen i Volda. Masteren byggjer på ein bachelorgrad samansett av fagområda økonomi og ressursforvalting, regional planlegging og offentleg organisering og leiing frå Høgskolen i Nord-Trøndelag, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskulen i Volda. Han har tidlegare arbeidd med prosjektleiing og nærings- og lokalsamfunnsutvikling hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Sentrale arbeidsfelt er innan velferd og regional utvikling, særleg problemstillingar knytt til regionalt og lokalt utviklingsarbeid.
Erlend Krumsvik er master i Internasjonal markedsføring og strategi frå Handelshøyskolen BI. Han har tidlegare vore høgskuleforelesar i Forbrukeratferd ved Handelshøyskolen BI, og har vore Fagleder i Respons Analyse i fleire år. Han har brei erfaring med kvantitative opinionsundersøkingar og prosjekt knytt til nærings- og forretningsutvikling. Han har hatt fleire formelle verv/styreverv innan både offentleg og privat verksemd.
Ved Møreforsking Volda arbeider han med forskingsprosjekt innan Velferd og Regional utvikling.