Prosjektet har to hovuddelar. Den første delen, som skal fullførast innan 12.juni i år, skal gjere greie for ulike modeller for etablering av eit fond for lokale klimatiltak i lys av det eksisterande verkemiddelapparatet og det handlingsrommet og dei behov lokale aktørar har. Den andre delen skal belyse ein fondsmodell som dei styrande organ i KS vel å gå vidare med, for deretter å gi ei heilskapleg tilråding for organisering og gjennomføring.
Prosjektet blir leia av Rune Opheim ved
Civitas AS. Frå Møreforsking vil Lars Julius Halvorsen, Anders Tønnesen, Finn Ove Båtevik og Roar Tobro delta. I tillegg vil
Enøksenteret, ved Harald Lillebø, bistå Møreforsking Volda i første del av prosjektet. Prosjektet som har ei samla ramme på kr 1.500.000,- vil verte avslutta oktober 2009.