Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

Reportasje om Ekstremsportprosjektet i Sunnmørsposten

Ekstremsportveko.JPG

Reportasje om Ekstremsportprosjektet i Sunnmørsposten

Ekstremsport som ledd i bygde- og næringsutvikling slått stort opp i Sunnmørsposten.

 
Det nyleg avslutta prosjektet «Ekstremsport, business og bulyst» kartlegg korleis ekstremsportarrangement kan brukast til å få fleire unge til å busette seg i distrikta.
 

 

Hovudtrekk i rapporten er at det ligg eit stort potensiale i å nytte naturen på Vestlandet som attraksjon. Vill og variert natur er attraktivt for mange, for nokre kan moglegheitene til friluftsaktiviteter vere bestemmande for kvar dei busett seg. Dette må reiseliv og næringsliv nytte seg av, og ein måte å gjere dette på er å knytte eit samarbeid med ekstremsportfestivalar.
 
Prosjektleiar Else Ragni Yttredal skal møte representantar frå fleire ekstremsportarrangement i Sogndal 25. januar for å diskutere ei vidareføring av prosjektet.  
 

 

Les artikkelen i Sunnmørsposten her.