Gjennom ei samling fagartiklar set RISS søkjelys på tema og problemstillingar som har betyding for samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal. Magasinet er utarbeida av Møre og Romsdal fylkeskommune i samarbeid med Møreforsking AS. 2011-utgåva er no lagt fram.
RISS 2011 inneheld artiklar om tema som arbeidsmarknad og kompetanse, forsking og kunnskapsutvikilng, arbeidsinnvandring, samferdsel, sentrumsutvikling, universiell utforming, arealforvaltning i kystsona, samhandlingsreforma og kulturnæringar.
RISS er ein viktig kanal for å formidle kunnskap om lange linjer i samfunnsutviklinga i Møre og Romsdal, og vi håper at desse artiklane også kan skape debatt om viktige utfordringar og utviklingstrekk, seier Roar Tobro i Møreforsking i ein kommentar. RISS utfyller det årlege konjunkturbarometeret TEMP og den årlege Fylkesstatistikken på ein fin måte. Frå Møreforsking si side er RISS ein fin kanal for å formidle litt lengre, samanhengjande analyser av grunnleggjande trekk ved samfunnsutviklinga, og vi set stor pris på det gode samarbeidet vi har med Møre og Romsdal fylkeskommune om utgjevinga av RISS.
Forskarar ved Møreforsking Volda har i år medverka med to artiklar - ein artikkel om arbeidsmarknad og attraktivet og ein artikkel om arbeidsinnvandring:
Vi treng fleire kloke hovud. Møre og Romsdal er i sterk og dynamisk utvikling. Næringslivet i fylket har opplevd snart 10 år med samanhengande vekst i omsetning og aktivitetsnivå. Maritime og marine næringar er motorar i økonomien i regionen, og 2010 var ”all time high” i økonomisk resultat for begge næringane. Medan resten av verda strevar med å kome seg igjen etter finanskrisa, klarer bedriftene i Møre og Romsdal seg svært bra. Forfattarar er
Finn Ove Båtevik og
Roar Tobro.
Arbeidsinnvandringsfylket Møre og Romsdal. Møre og Romsdal er eit av fylka med høgast arbeidsinnvandring frå Øst-Europa. Arbeidsinnvandrarar frå land som Polen, Litauen, Latvia og Romania er sterkt representert i kommunane i fylket og i næringslivet. Arbeidsinnvandrarane er ikkje berre midlertidig arbeidskraft på korte kontrakter, mange blir også buande og får familien hit. Den auka arbeids-og familieinnvandringa representerer arbeidskraft og befolkningsvekst, men har også gjeve "hodebry" for kommunar med lite erfaring med innvandringsgruppa. Forfattar er
Marte Hanche-Dalseth.
Du kan laste ned RISS 2011
her.