Arbeidsinnvandring var hovudtema då Plannettverka i Møre og Romsdal samla seg i slutten av januar
Finn Ove Båtevik frå Møreforsking var til stades både på Sjøholt den 29. januar då plannettverket på Sunnmøre kom saman, og i Kristiansund den 30. januar då plannettverka på Nordmøre og i Romsdal hadde fellessamling.
Plannettverka blir koordinerte av Møre og Romsdal fylkeskommune, og alle kommunar i regionane er deltakarar.
Møreforsking samarbeider med fleire andre forskingsmiljø om eit stort prosjekt på arbeidsinnvandring. Prosjektet er i ein tidleg fase og skal pågå til 2016.
Båtevik presenterte analyser frå første del av forskingsarbeidet, basert på ei kartlegging gjennomført blant kommunane på Vestlandet.
Les meir om prosjektet
HER