Samordningsrådet for arbeid for menneske med psykisk utviklingshemming (SOR) vart stifta i 1951. Hovudmåla til stiftinga er å fokusere på rettar, levekår og tenester for menneske med psykisk utviklingshemming, skape grunnlag for faglege og sosialpolitiske debattar og vere eit aktivt forum for informasjon, debatt, og idèskaping i spørsmål som gjeld levekår og livskvalitet for menneske med psykisk utviklingshemming
SOR har år for år fått støtte frå Helsedirektoratet, men i 2004 vart det inngått ein avtale mellom SOR og Helsedirektoratet om ei meir langsiktig basisfinansiering. Avtalen galdt perioden 2004-2008.
På oppdrag for Helsedirektoratet har Møreforsking evaluert effektane av den langsiktige basisfinansieringa. Evalueringa viser at langsiktig basisfinansiering har hatt mykje å seie for SOR si verksemd, både når det gjeld omfang og innhald. I tillegg til at basisfinansieringa har medverka til nye tiltak, som ymse prosjekt, vidareutdanningstilbod, utvikling av fagbøker og anna fagstoff, har ho medverka til meir aktivitet i tilknyting til tiltak SOR tradisjonelt har arbeidd med, som konferansar, informasjon, formidling og nettverksbygging.