Nyheter

Det skjer spennende ting hver uke i Møreforsking og vi har gjort det enklere ved at du kan søke/sortere etter årstall, kategori eller ord knyttet til saker du er interessert i.

STUDENTREKRUTTERING TIL HØGSKOLEN I ÅLESUND

STUDENTREKRUTTERING TIL HØGSKOLEN I ÅLESUND

Rekrutteringa av nye studentar til Høgskolen i Ålesund viser at skulen har vorte meir attraktiv på 2000-talet, også for studentar frå andre delar av landet.

Studiestadane har hatt stor tilstrøyming av nye studentar i perioden etter tusenårsskiftet. Denne veksten har samanfall med auke i ungdomskulla. Det er likevel meir enn tilgang på fleire ungdomar som har gitt auke i studenttala. Det gjeld også Høgskolen i Ålesund. Høgskulen har heilt klart auka rekrutteringa av nye studentar i dei yngste aldersgruppene, men rekrutteringa er vel så prega av at skulen greier å fange opp fleire kandidatar nasjonalt, som av regionale endringar i storleiken i ungdomskulla. Høgskolen i Ålesund rekrutterer framleis mykje regionalt, men har altså relativt sett vorte mindre avhengig av rekruttering av ungdom frå eigen region. Dette er ei viktig endring, ikkje minst fordi det kan gi høgskulen betre føresetnader for å møte dei utfordringane minkande ungdomskull i åra framover kan kome til å gi.