Dei fleste kommunane i Distrikts-Noreg arbeider for å auke tilflyttinga. Rapporten «Tilflytting for enhver pris?» viser at det er få som flyttar på grunn av denne aktiviteten, og forskarane stiller spørsmål om tilflyttingsarbeidet har hatt ei for snever innretning.
Tilflyttingsarbeidet er berre ein av fleire faktorar som påverkar
flyttelysta til folk, og difor er det vanskeleg å måle kva effekt dette
arbeidet har. Rapporten viser likevel eksempel på at tilflyttingsarbeidet av og
til kan vere avgjerande for at eit hushald vel å flytte, men at dei fleste som
flyttar til distrikta gjer dette uavhengig av tilflyttingsarbeidet til kommunane.
Dei prosjekta som har rekruttert flest flyttarar er dei som har vore
mest spissa mot ei bestemt målgruppe (t.d. livsstilsflyttarar frå
Mellom-Europa, skientusiastar, kunstnarar), og som har gjort grundig forarbeid
for å finne ut kva målgruppa er ute etter – samstundes som dei har hatt eit
realistisk perspektiv på kva dei dei sjølv kan tilby. Eit anna kjenneteikn ved
dei mest vellukka prosjekta er at dei er relativt sentralt lokaliserte – dei
ligg altså ikkje i dei områda av landet som er prega av den kraftigaste
demografiske motvinden.
Dei fleste kommunane oppgjev å ha «alle» som målgruppe for arbeidet
sitt, men i praksis satsar dei nokså einsidig på småbarnsfamiliar, - særleg i
form av tilbakeflyttarar. Forskarane peikar på at kommunane har vore for
opptekne av å teikne nostalgiske bilete av distrikta, som naturskjønne idyllar
der det tradisjonelle familielivet rår, og der det ikkje er plass til
karrierer. Skyggesida av dette er at dei sender ut eit signal om at
distrikta ikkje er staden for dei som ikkje har ungar, og heller ikkje for dei
som kunne tenkje seg å flytte dit på grunn av ein jobb.
Arbeidsinnvandrarar er
den gruppa tilflyttarar som har «redda» folketalet i distrikta dei seinare åra.
Dei passar ikkje inn i bilete av kven som høyrer heime i distrikta og har
derfor ikkje vore omfatta av tilflyttingsarbeidet. Forskarane oppmodar
politikkutformarane til å tenkje breiare om formål og
innretning på tilflyttingsarbeidet.
Gro
Marit Grimsrud (prosjektleiar) og Marit Aure har skrive rapporten på oppdrag
frå Distriktssenteret. Prosjektet var eit samarbeid mellom ideas2evidence,
Møreforsking og Norut.
Rapporten
kan lastast ned her.
(Omlag 26:40-33:50, tilgjengeleg til 21.02.2014)
Andre oppslag om prosjektet: