Møreforsking set i gong med eit prosjekt om bu- og flyttemotiv i Rauma og ei kartlegging av utviklingspotensialet til seks kommunar rundt Ålesund.
Det eine prosjektet skal sjå på moglege endringar i bu- og
arbeidsmarknaden i Rauma som følgje av den planlagde brua over Tresfjorden. Nedkorting av reisetida til Ålesund, Vestnes
og Molde kan gjere Rauma betre integrert i ein ekspanderande arbeidsmarknad
knytt til olje/gass og andre maritime næringar.
I ein slik situasjon er det
rimeleg å etterspørje kunnskap om bustadpreferansar og flyttemotiv for i størst
muleg grad å kunne auke attraktiviteten til Rauma overfor både gamle og
potensielt nye innbyggjarar.
Det andre prosjektet skal kartlegge kva som kan gjere
kommunane Ørskog, Skodje, Ålesund, Giske, Haram og Sula til ein attraktiv bu-
og arbeidsmarknadsregion. Dei seks kommunane er tett vevde i hop som bu- og
arbeidsområde i dag, og har eit samla folketal på om lag 75 000.
Kommunane har
ulike ressursar og føresetnadar som avgjer utviklingspotensialet for regionen.
Gjennom eit felles prosjekt ynskjer dei å finne fram til dei viktigaste
faktorane for å gjere regionen attraktiv. Prosjektet vil også ha som mål og
finne fram til område kommunane kan oppnå fordelar av å samarbeide og samhandle
på.