Kompetanse- og arbeidskraftbehov i marine næringer
Kompetanse- og arbeidskraftbehov i marine næringer
Mangel på kompetanse og arbeidskraft er ei gjennomgåande utfordring for svært mange næringar i Møre og Romsdal. Dette blir mellom anna slått fast i ei undersøking gjennomført av Møreforsking hausten 2009 (Båtevik og Tangen 2010). Denne viser mellom anna at bedriftene er langt meir medvitne på eige behov for å rekruttere kompetansearbeidskraft i åra som kjem, enn dei har vore tidlegare.
Den marine næringa i Norge har tradisjonelt vore prega av erfaringsbasert kunnskap. I den seinare tid har krav til formell kompetanse ført til at næringa har vorte meir spesialisert og fragmentert. Nye marine sektorar som bioprospektering er eit døme på eit veksande fagfelt som krev ein eigen type kompetanse. Samtidig har søkjartalet ved fleire utdanningsinstitusjonar som har tilbod om marine fag vorte redusert til eit nivå som har skapt utfordringar med tanke på rekruttering av kvalifisert arbeidskraft (Jensen, Schreiner og Lyngar 2009).
Spørsmålet er korleis dette gir seg utslag i enkeltnæringar, som dei marine næringane. Det er til dømes kjent at fiskeflåten har store utfordringar i rekrutteringa av nøkkelpersonell, og særleg rekruttering av sertifikatpliktige offiserar (Nystrand et al. 2010, Johnsen og Vik 2008).
Gjennom dette prosjektet ønskjer vi å kartlegge kompetanse- og arbeidskraftbehovet i marine næringar i Møre og Romsdal. Sentrale tema vil vere:
-
Dokumentere faktiske kompetansebehov og ønskjer om tilgang til kvalifisert arbeidskraft til næringa framover
-
Kartlegge dei forventningar næringa har til utdanningssystemet i Møre og Romsdal, både på fagbrev- og på høgskule- og universitetsnivå. Det er her særleg tenkt at dette blir relatert til det utdanningstilbodet som blir gitt i Ålesund
Prosjektet er organisert som eit felles prosjekt mellom Møreforsking Marin og Møreforsking Volda. På denne måten vil vi utnytte den kompetansen som er knytt til marine næringar ved Møreforsking Marin og den kompetansen som er knytt til spørsmål om behov og tilgang på kvalifisert arbeidskraft ved Møreforsking Volda. Dei to avdelingane har også tidlegare gjennomført slike prosjekt, der ein har kunne kombinere kompetanse ved dei to avdelingane.
Fakta om prosjektet:
Prosjekt nr:
54641|
Prosjektansvarlig:
Finn Ove Båtevik|