Boligsosialt arbeid og planlegging er satt i gang for å bidra til å utvikle planprosessar med god politisk og administrativ forankring i kommunane, og brei deltaking frå relevante aktørar i frivillig og privat sektor.
Programmet går over eitt år, og skal i tillegg til høgare kompetanse på plan- og prosessarbeid generelt, og auka fokus på det boligsosiale arbeidet spesielt, resultere i Boligsosiale handlingsplanar for dei fem deltakarkommunane. Prosjektet er todelt, slik at også Husbanken driv kompetanseutvikling internt.
Som resultat frå prosjektet, skal Møreforsking også lage ein "bank" med nyttige tips, metodeverktøy og anna som andre kommunar kan nytte i eigne planprosessar.