Byane si rolle som attraksjonssentra i Møre og Romsdal

Byane si rolle som attraksjonssentra i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune har eit mål om å få fleire tilflyttarar til fylket. Hypotesa er at Møre og Romsdal manglar urbanitet, og at fylket kan bli meir attraktivt dersom ein utviklar Ålesund, Molde og Kristiansund som tydelege regionsentra med sterke bykvalitetar.

Møreforsking har fått i oppdrag å lage eit kunnskapsgrunnlag der vi skal beskrive og drøfte kva rolle dei tre byane spelar for attraksjonskrafta til fylket, og kome med forslag til innsatsområde for framtidig utvikling.

 

Analysen gjeld tre innsatsområde i Fylkesplanen 2013-17: verdiskaping, kultur og kompetanse. Sentrale problemstillingar er:

·        kva rolle spelar byane for rekruttering av kompetansearbeidskraft til fylket,

·        kva rolle spelar byane som vertskap for kompetanseinstitusjonar

·        kva rolle spelar byane som kultursentrum for fylket  

 

For å kunne utvikle byane til «urbane magnetar», er det eit poeng å identifisere kva byane manglar og kva som er styrken. Arbeidet blir basert på forskingslitteratur, gjennomgang av utvalde indikatorar og intervju med sentrale aktørar i og utanfor byane.

Fakta om prosjektet:

Prosjekt nr:

54754
|

Prosjektansvarlig:

Gro Marit Grimsrud
|

Tidsperiode:

-

Tittel:

Byane si rolle som attraksjonssentra i Møre og Romsdal

Oppdragsgiver:

Møre og Romsdal fylkeskommune

Prosjektdeltakere:

Finn Ove Båtevik, Gro Marit Grimsrud, Marte Fanneløb Giskeødegård